Utlysing av stipend til utvikling av litterær førestilling

Foto: James Hill / The New York Times.

Regionalt nettverk for litteraturarrangørar på Vestlandet lyser ut utviklingstilskot til ein litterær produksjon som skal turnere langs kysten av vestlandsregionen.

Arbeidet skal resultere i ei litterær framsyning retta mot vaksne, som er dimensjonert og planlagd for turnering med Litteraturbåten Epos. Nedslagsfeltet vil vere Vestland og Rogaland fylke, med mogleg vidare turnéverksemd i 2027, avhengig av finansiering.

Utlysinga omfattar eit honorar på 50 000 kroner til utvikling av ferdig framsyning. Det er forfattar eller kunstnar som tek imot beløpet, og som disponerer korleis løyvinga skal nyttast og vidare honorering av samarbeidspartnar. Me oppfordrar til å involvere ein (eller fleire) annan utøvar, som regissør, dramaturg eller kunstnar. Utviklingsarbeidet skal resultere i ei prøveframsyning hausten 2026, og danne grunnlag for vidare turnéverksemd.

Framsyninga skal formidle litteratur i form av nyskriven tekst, formidling av eksisterande tekst eller musikalsk og/eller dramatisk adaptasjon av litteratur. Som honoraret viser, ser vi etter ein enkel produksjon som er eigna for framsyning på ei lita scene med avgrensa rigg.

Arbeidsperioden for prosjektet er våren og sommaren 2026, med ferdigstillingsfrist 1. september. Prøveførestilling etter dette.

Kven er Regionalt nettverk for litteraturarrangørar på Vestlandet?

Vi bur i ein landsdel med fjordar, fjell og hav, smale vegar og store avstandar. Eit dramatisk landskap, kjend for eit udramatisk folkelynne.

Vi som formidlar litteratur i landsdelen, har eit tett forhold til den regionale litteraturhistoria. Litteraturen er levande i bygd og by på Vestlandet, og skaper grunnlag for formidling, litteraturhus, samtalar og residensordningar.

Regionalt nettverk for litteraturarrangørar på Vestland består av Litteraturbåten Epos, Jakob Sande-senteret i Fjaler, Kunstproduksjonshuset PreForm, Rom for Ord, Den norske bokbyen i Fjærland, Sentralbadet litteraturhus og Litteratursymposiet i Odda, Fosse-stiftinga i Strandebarm, Litteraturhuset i Stavanger, Forfattersentrum Vestlandet og Tekstallianse.

Kven søker vi?

Vi søker ein eller fleire profesjonelle utøvarar til å utarbeide og gjennomføre ein nyskapande litterær produksjon. Utøvar har stor fridom til å skape ein unik produksjon, men det er ønskjeleg at framsyninga går i dialog med geografien, historia eller kvardagen i regionen der førestillinga skal turnere. Søknader som leverer gode løysingar med regional forankring vil ha ein fordel. 

For spørsmål om utlysinga, ta kontakt med Tekstallianse ved Anne Arnesen Mørch på e-post: anne@tekstallianse.org

Innhald i søknaden:
Søknaden må innehalde ei idéskildring, samt ein forenkla plan for gjennomføring av prosjektet. Spesifiser bakgrunn for ideen og kven som er medverkande. Gi uttrykk for korleis produksjonen vil gå i dialog med regionale særpreg.

Tildelinga består av

Eit utviklingsbudsjett på 50 000 kroner.

Moglegheit for gjestekunstnaropphald ved Jakob Sande-senteret i Dale eller ved Myra ved Jon Fosse-senteret i Strandebarm våren/sommaren 2026.

10 timar fagleg rådgjeving frå valfri av aktørane i nettverket, som har lang erfaring innan sceneproduksjon, litteraturformidling, turnéverksemd med meir.

Søknad vert send til: anne@tekstallianse.org

FRIST: 19. april

Målet med utlysinga og framsyninga er å bidra til nyskaping og innovasjon innan litteraturformidlinga på Vestlandet, samt å legge til rette for auka samarbeid mellom arrangørar og utøvarar, og på tvers av fagfelt. Den er ein del av eit utviklingsprosjekt støtta av Kulturrådet og Vestland fylkeskommune.

Regionalt nettverk for litteraturarrangørar på Vestlandet representert ved Rakel C.W. Solheim frå Jakob Sande-senteret, Ida Regine Sørås frå Litteraturhuset i Stavanger, Heidi Bøhagen frå Den norske bokbyen i Fjærland, Anne Arnesen Mørch i Tekstallianse, Maria Pile Svåsand frå Epos, Tora Døskeland frå Sentralbadet Litteraturhus, Ingvild Ystanes frå Litteratursymposiet i Odda, Helena Bru i Fosse-Stiftinga og Eirin Lindtner Storesund i Tekstallianse. Ikkje på biletet: Rom for ord, Forfattersentrum Vestlandet og PreForm.