Vestland fylkeskommune har vedteke nye retningslinjer for fylkeskommunale tilskotsordningar innan kultur og folkehelse. Tretti ordningar er no samla i sju større ordningar, der dei første søknadsfristane er 15. april. For kultur er desse ordningane mest relevante:
- Driftstilskot til kultur og folkehelse (frist 15. april)
- Regionalt kulturfond Vestland (frist 15. april)
- Livskvalitet og sosial utjamning (frist 30. april)
- Investeringstilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar (frist 30. april)
- Stipend kultur og idrett (frist 1. juni)
Her finn du oversikt over alle ordningar innan kultur og folkehelse.
Fylkeskommunen inviterer til digitalt informasjonsmøte om dei nye tilskotsordningane tysdag 24. mars kl. 14.00–15.30. Påmeldingsinformasjon og lenke til møtet finn du her.
Endra ordningar gjer det ekstra viktig å sette seg inn i retningslinjene og starte på søknaden i god tid. Det er mogleg å kontakte saksbehandlarane for dei ulike ordningane i fylket om du har spørsmål, eller du kan be om rettleiing eller innspel på søknaden din frå Tekstallianse (kontakt@tekstallianse.org).