
I dag, 27. januar 2025, skriv Sogn Avis at Sogndal kommune har foreslått å kutte tilskotet til Den norske bokbyen i Fjærland med heile to tredelar i 2025 – frå 140 000 til 50 000 kroner. Dette dramatiske forslaget set heile drifta på spel.
I fjor gjorde stiftinga Den norske bokbyen eit skup med tilsetjinga av Heidi Bøhagen, røynd arrangør, kritikar og forfattar, som dagleg leiar. I 2024 har ho og laget hennar teke Bokbyen til nye høgder. Dei har auka antalet arrangement gjennom året og levert eit historisk rikt program under eitdøgnsfestivalen Boknatta. Arrangementa går for fulle hus. «Ein treng ikkje å lure på kva som er den kjekkaste festivalen i landet», skreiv journalist og no redaktør for Syn og Segn, Martin Årseth, begeistra i Klassekampen om Boknatta i juni 2024.
Alt Bokbyen oppnår med dagleg leiar i ei halv stilling er imponerande, og no er denne stillinga direkte trua av kuttforslaga.
Me er enormt mange bokvener – og fjærlandsvener – som har varme minner frå sommarjobbar, vitjingar og vedunderleg lyse boknetter i Fjærland, og som reiser tilbake så ofte me kan. Blant forfattarar har Bokbyen ei høg stjerne, og gjer at mange ynskjer å reise langt og kronglete for å møte publikum og lesarar der.
Og sommargjestane er ein ting. Kva Bokbyen bidreg med som møteplass og kulturformidlar, og for næringsliv og bulyst for sogningane, kan vel knapt overdrivast.
Me håpar inderleg politikarane i Sogndal kommune gjer om på forslaget for å bevare ein bokby i sterk utvikling!