Frist 1. juni: Kunstnarstipend frå Vestland fylkeskommune

No kan du søke på kunstnarstipenda til Vestland fylkeskommune. Frist 1. juni 2024.

Vestland fylkeskommune deler kvar år ut kunstnarstipend. Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar høve til utvikling, fordjupning eller fagleg påfyll.

I 2024 lyser vi ut 24 stipend, kvart på 40 000 kr, fordelt på visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design), musikk, scenekunst (inkl. dans) og litteratur og film.

Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar – både nyutdanna og etablerte – høve til  utvikling, fordjupning og/eller fagleg påfyll. Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:  

  • visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)  
  • musikk  
  • scenekunst (inkl. dans)  
  • litteratur og film  

Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa. Det vert ikkje gitt støtte direkte til instrument, materiale, utstyr o.l. 

Søknadsskjema finn du her.

Kven kan søkje?

  • Profesjonelle kunstnarar innan alle kunstuttrykk og sjangrar som bur og har sitt verke i Vestland fylke. Det er krav om kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse. 
  • Det vert ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning/i ein grunnutdanningsfase.  
  • Stipendet kan berre søkjast av enkeltpersonar. 
  • Om du har fått stipend frå Vestland fylkeskommune, skal det gå minst tre år før du kan vurderast for eit eventuelt nytt stipend.