Kulturjournalistikk på landsbygda

Tekst: Hans Jakob Reite

Arenaen var kantina på Firda media. Kulturredaktør Jens Kiel i BT delte røynsler om «kulturjournalistikk som funkar». Her kjem mine refleksjonar etter den gode stunda – med ståstad på «glesbygda» i Sogn og Fjordane.

Korleis skal små redaksjonar greie å servere kulturstoff som nører folk si interesse? Der gamal og ung skal få kjensle av å verte oppdaterte på det som levande folk ytrar over alle slags «scenekantar» på kunst- og kulturfeltet.

Det lokale kontra riksen.

Lesaren må få det unike stoffet. Det som hender her hjå oss må få respekt som fullverdig. Vi må ikkje verte eit utydeleg ekko av det som folk har fått med seg frå andre flater. Kanskje ein kan verte flinkare til å dra samanlikningar mellom det som rører seg lokalt og sentralt? Vi må vere djervare når det gjeld å samanlikne Eid, Førde og Sogndal med satsingane i Bergen og Oslo. Lokalavisene kan vere langt tøffare med å setje dagsorden i lokale kulturspørsmål. Ein må ikkje berre kome diltande etter i refererande form.

Korleis vere rettferdig både for proff og amatør?

Korleis greier vi å yte dei ymse sjangrane rettferd? Eg trur lokale redaksjonar kan verte flinkare til å fortelje at krava må vere ulike for ulike satsingar. Ein må setje ulike kvalitetskrav til Teater Vestland og Palmerevyen. Eg opplever at vi ofte vert for utydelege i denne samanhengen.

Små og skjøre amatørmiljø kan også trenge ein kvass kommentar.

Dette er vanskeleg. Lokalmedia vil so gjerne at dei små og skjøre kulturutrykka lokalt skal lukkast. Vi hjelper korkje amatørane på bygda eller lesarane ved å opptre som kritiske heiagjengar. Vi må tore å gi både surt og søtt til grannane våre. Ein torer det i lokalpolitikken og når det gjeld lokale næringssatsingar. Men overfor det lokale kulturlivet vert ein altfor ofte ukritisk positive. Det er avgjerande for kvaliteten at lokale meldarar opptrer som ei oppdragande kraft.

Strupesong – kva krav skal vi setje til kompetansen?

Journalistar unnskylder seg sjeldan når dei kommenterer politikk og næringsliv. Men på kulturfeltet feigar ein oftare ut og let «fem i salen» uttale seg kopla opp med ein biletserie om «kven som var der»? Mitt poeng er at kompetanse i ein redaksjon er noko som vert utvikla mellom anna ved å gjere det. Slik er det også på kulturområdet. Fleire kan med fordel prøve seg med ærlege vurderingar framfor langsamelege og kjedelege referat. Ein må tore å meine. Gjer jobben grundig og det vert best om du utviklar ei tydeleg stemme. Ein treng ikkje hovudfag i strupesong frå indre Mongolia for å seie noko klokt om Folkemusikkfestivalen. Alle forstår at mykje journalistisk arbeid – ikkje minst i små lokalredaksjonar – må utøvast av all-roundarar.    

Ikkje berre velkjende folkeeventyr.

Kva med dei nye uttrykka og dei uttrykka som kan synast vanskeleg tilgjengeleg? Det er viktig at ein redaksjon utviklar seg på dei nye uttrykka i kunst- og kulturlivet. Kva med moderne dans? Korleis skal ein kunne uttale seg om performanse som dyrkar sjangerblanding mellom teater, bildekunst, dans og tekst? Korleis står det til i spelverda – kva har kulturverdi framfor andre uttrykk? Korleis står det til hjå dei nye rytmane i poesien? Kva skil utøvande bildekunst frå tilfeldige smøreri? Eg har ikkje alle svara, men også dei små redaksjonane bør tore å prøve meir. Prøve å vurdere framfor å ty til biletseriane om «desse var her». Folk likar nok å lese om dei gamle folkeeventyra, men kulturlivet stivnar om vi ikkje også tek inn det nye – det som ikkje er «as every year». Og då må lokalpressa også tore å bedømme det.

Dårleg samvit og finjustert rettferd fører ikkje fram.

Eg forstår at lokalpressa vil vere rettferdig i høve til ulike aktørar, men dette må ein ikkje dra for langt. Det er langt viktigare at ein gjer skikkelege reportasjar og meldingar, enn at alle skal få sin overflatiske artikkel. Ein treng ikkje ha dårleg samvit for at ikkje alt vert dekka på kulturfeltet. Slik er det høgst truleg også på andre område i samfunnet. Kulturlivet er ikkje så spesielt som mange vil ha det til.

Vi må tore å elske.

Det personlege rører. Slik er det alltid, og det er gjennom dei personlege sogene ein får opna dørene inn mot kunst- og kulturlivet. Ja, kanskje framfor alt der – på dette feltet der folk ofte står med sitt eige hjarte i hendene. Folk funkar. Ver tett på livet. Hugs at «amatør» tyder «å elske med hjartet».