Maria Pile Svåsand blir dagleg leiar på bokbåten Epos

Maria Pile Svåsand Foto: Maria Lavik

I februar sikra Fritt Ord vidareføringa av bokbåten Epos som eit fast litteraturtilbod på Vestlandet ein gong for alle. Då løyva dei 3 millionar kroner til Tekstallianse til formålet. No er Maria Pile Svåsand tilsett som dagleg leiar for «Det flytande litteraturhuset Epos»

– Dette er ein draumejobb, seier Svåsand. – Bøker, bygder og båt. Betre blir det ikkje!

Ho kjem frå stillinga som redaktør for tidsskriftet Bok og bibliotek. Tidlegare har ho arbeidd som kulturjournalist både i NRK og i Klassekampen, og vore presseansvarleg i musikkfestivalen Bygdalarm. Svåsand kjenner også båten betre enn de fleste; den legendariske bokbåten vart ein gong bygd av hennar eigen bestefar.

– Vi i Tekstallianse er svært glade for at Maria har takka ja til denne viktige stillinga, seier dagleg leiar Inga Moen Danielsen. – Ho har Epos i arvestoffet sitt, så og seie. På same tid kjem ho til stillinga med brei erfaring og godt overblikk i litteratur- og kulturfeltet. Betre skodd skal det godt gjerast å vere.

Stiftinga «Det flytande litteraturhuset Epos» vert etablert i løpet av våren og tek mot Maria som dagleg leiar frå 1. juli.

– Bokbåten er allereie ein vestlandsinstitusjon. Med si historie og store plass i vestlendingane sine hjarte, finst det nærast ingen ende for dei mulegheitene som opnar seg for Epos som flytande litteraturhus, seier Svåsand.

Og S-en i pipa til Epos, står altså også for Svåsand.

– Min bestefar bygde båten for bokfart i 1963, og foreldra mine dreiv båten i heile min barndom. Eg veit kor mykje den betyr for veldig mange, og det er enormt stas å få moglegheita til å vere med å forme eit kulturtilbod eg har urokkeleg tru på og som eg meiner vi treng, saman med dyktige og engasjerte folk langs leia, held Svåsand fram.

Heilt sidan Knut Svåsand bygde Epos har bokbåten gledd lesarar og lånarar langs kysten med bøker og besøk. Då det blei klart at også Vestland fylke ville legge ned bokbåten i 2020, tok Alver kommune eit initiativ for nytt samarbeid mellom kommunane som mista det kjærkomne kulturtilbodet. Hausten 2021 gjekk 28 kommunar saman om å gi Epos ny vind mot hamner langs vestlandskysten. Det flytande litteraturhuset hadde 44 anløp og baud på 88 arrangement, frå Seljevågen i nord til Karmøy i sør, frå august til november.

I februar 2022  kom meldinga om ei langsiktig og raus løyving frå Fritt Ord, som la til rette for eit framhald for bokbåten som flytande litteraturhus. – Dette vil innebere ei eineståande styrking av det litterære kulturtilbodet i distrikta. Tildelinga frå Fritt Ord og tilsettinga av Maria Pile Svåsand gjer at vi no kan sikte mot at Epos skal vere klar til ny sesong med litterære program, debattar og bøker allereie hausten 2022, avsluttar Inga Moen Danielsen.

Det er mange som har teke kontakt fordi dei vil bidra til at bokbåten Epos held seg flytande som bokbåt. Difor har me oppretta ein Spleis, så kan ein kjøpe seg ein liten bit bokbåt, og bidra til at Det flytande litteraturhuset Epos har ei lang og trygg framtid. Pengane frå spleisen vil gå til eigenkapital, så stiftinga Det flytande litteraturhuset Epos sjølve kan eige båten, og på den måten sikre drifta og jobbe mot eit flytande litteraturhus med drift heile året.

For meir informasjon, kontakt:

Maria Pile Svåsand

Dagleg leiar Epos

Tlf: 959 67 881

Inga Moen Danielsen

Dagleg leiar Tekstallianse

Tlf: 984 92 514

Bokbåten Epos i Den Norske Bokbyen. Foto: Inga Moen Danielsen