Etterlyst: Kven skal redde bokbåten?

nov 1, 2021 | Tekstallianse

VI ETTERLYSER 5 MILLIONAR KRONER FOR Å REDDE BOKBÅTEN:

LA EPOS LEVE VIDARE SOM FLYTANDE LITTERATURHUS!

Heilt sidan 1963 har Epos gledd lesarar og lånarar langs kysten med bøker og besøk. Etter nær seksti år i teneste som bokbåt på Vestlandet, brenn det eit blått lys for den legendariske båten. Men Epos har denne hausten segla i triumf og protest, frå Seljevågen i nord til Haugesund sør, med eit variert og storslått kulturtilbod om bord.

Den norske bokbyen og Tekstallianse etterlyser no ein velgjerar som vil kjøpe Epos og bidra til at vi saman kan etablere båten som eit sjølvstendig, flytande litteraturhus for bygder og grender, vaksne og born kring om på heile Vestlandet.

Er det du eller nokon du kjenner som skal redde bokbåten? Ta kontakt med oss!

Bokbåttenesta på Vestlandet oppsto i 1958 og var driven av det som den gong heitte Sentralbiblioteket på Vestlandet, seinare fylkesbiblioteket. I 1963 vart Epos bygd og tatt i bruk som bokbåt. Epos var då verdas største aluminiumbåt og einaste båt i verda formålsbygd som bokbåt.

Bokbåten besøkte små stadar utan vanleg bibliotektilbod og var først i Noreg med eit levande kulturtilbod integrert i bibliotektilbodet.

Epos gjekk to turar i året som bokbåt, om våren og om hausten. I sommarhalvåret vart hyllene tatt ut av båten og han gjekk i turistfart i Sogn.

Denne kombinasjonen ser vi stort potensiale i å utvikle vidare.

Eitt etter eitt har fylkestinga i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Vestland fylke valt å leggje ned bokbåten. Dei som bur langs leia er slett ikkje einige i dette. Då bokbåten i 2020 også fall ut av Vestland fylke sine budsjett, gjekk heile 28 kommunar saman om å gje båten ny vind i segla.

Prosjektet «Det Flytande Litteraturhuset» var etablert, og fekk etter kvart midlar frå Fritt Ord, Biblioteksentralen, Bibliotekarforbundet, Forleggerforeningen og Kulturrådet. Biblioteka har tatt ansvar for å ta i mot båten og vere vertskap i sin kommune, og Rom for ord har bidratt med programtilbod og programkoordinering.

Eit felles programoversyn viser at heile 88 litterære arrangement vert gjennomførte på denne turneen, ved 44 ulike anløp! Båten reiser med boksamlinga frå den gamle bokbåten til utlån og supplerer med bøker frå eiga samling.

Den litterære båtreisa syner at Epos er liv laga og må segle vidare som flytande litterturhus. Den norske bokbyen i Fjærland er opne for å gje ankerfeste til bokbåten, og vere Epos sin heimstad når den ligg til kai. For vidare drift vil Tekstallianse gjere det forarbeidet som trengst for at det kan etablerast ein organisasjon som kan ha ta ansvar for kunstnarleg og administrativ drift. Ei stifting der kulturinstitusjonar, arrangørar, bibliotek og reiseliv kan drive båten i fellesskap er nærliggande å sjå føre seg.

No ynskjer eigar å selje Epos. Båten kostar 2,5 millioner kroner. Etablering, drift og programtilbod i eit forprosjekt fram mot etablering av stifting og ordinær drift er også kostnadsrekna til 2,5 millionar kroner.

Den regionale litteraturorganisasjonen Tekstallianse vil bidra til å realisere prosjektet og fungere som støttespelar. Tekstallianse samarbeider med Den norske bokbyen, og ei rekke kulturaktørar i regionen for å la Epos leve vidare som flytande litteraturhus.