#ikkjeetterboka

jan 24, 2021 | Tekstallianse

Forfattarar, redaktørar, arrangørar, skribentar, kritikarar, litteraturformidlarar, samtaleleiarar, korrekturlesarar, designarar, litteraturvitarar, dramatikarar, festivalar, tidsskrift, omsetjarar, forlag, bibliotek, produsentar, agentur, skriveskular, bokhandlarar, litteraturhus og andre tekstallierte..

Nyleg blei resultata av den store bokbransjen-undersøkinga om seksuell trakassering lagt fram. Nærare 2000 har svart, og 4% av respondentene svara at dei i løpet av dei siste to åra har blitt utsatt for seksuell trakassering eller overgrep i jobbsamanheng. Går ein lenger tilbake i tid, er det langt fleire som melder om uønska opplevingar.

Agnes Ravatn skildrar situasjonen slik: Bokbransjen er som kjend marinert i alkohol, framleis tungt romantisert, grenseoverskridande oppførsel blir premiert, og ære og lovord kan få fram det absolutt verste i kven som helst. Og for dei som måtte tenkje at smittevern set ein effektiv stoppar for seksuell trakassering – ein har alltids telefon. (Aftenposten 8. november 2020) 

Bokbransjen er ein uoversiktleg bransje, med mange frilansarar og forfattarar utan arbeidsgjevar. Vi er glade for at ein samla bransje no arbeider med både å kartleggje og synleggjere situasjonen, etablere varslingsrutinar og foreslå vegen vidare, og vi treng fellesskapet for å realisere dette.  

Saman for ein trygg bokbransje!

Signer oppropet her.