Nytt styre i Tekstallmenningen

nov 3, 2020 | Tekstallianse

Sheila Feruzi Kassim frå Vuma Projects, Trond Åm frå Litteraturhuset i Trondheim og Anne Marit Hjelme frå VI OVER 60 er nye styremedlemar i Tekstallmenningen.

Styret blei supplert på  generalforsamlinga 28. oktober 2020.

– Eg er veldig glad for å få høve til å leie dette styret med så sterk og variert kompetanse, og det ligg til rette for ei god utvikling for selskapet, seier styreleiar Inga Moen Danielsen.


Dette er styret i Tekstallmenningen:

  • Inga Moen Danielsen (f. 1978), styreleiar

Danielsen har lang fartstid frå kulturfeltet og har mellom anna arbeidd for Bergen Næringsråd, BIT Teatergarasjen, Festspillene i Bergen, Carte Blanche, Østre og Litteraturhuset i Bergen. Parallelt med dette har ho jobba i det frie kulturfeltet. I dag er ho dagleg leiar i Tekstallianse, ein nettverksorganisasjon for litteraturfeltet på Vestlandet.

  • Audun Lindholm (f. 1980), nestleiar

Lindholm er ansvarleg redaktør i Vagant. Han er òg styremedlem i Norsk tidsskriftforening og den europeiske tidsskriftsorganisasjonen Eurozines Editorial Board. Tidlegare har han mellom anna vore med på å starte opp forlaget Gasspedal og poesifestivalen Audiatur.

  • Bente Riise (f. 1962), styremedlem

Riise er generalsekretær i Norsk tidsskriftforening, der ho tidlegare var styreleiar i ti år. Ho har arbeidd som journalist i NRK, Dagbladet og A-magasinet, redaktør i Psykisk helse og Syn og Segn, nestleiar i Magasinet i Dagens Næringsliv og sakprosaredaktør i Samlaget. Ho har hatt ei rekke verv i media og kulturliv, som styreleiar i Dag og Tid, Kunstkritikk og Karina Jensens Minnefond for fotojournalistikk.

  • Sheila Feruzi Kassim (f. 1994), styremedlem

Kassim har bachelorgrad i film og kreativ skriving frå University of Essex i England. Ho jobbar som produsentaspirant hos MerFilm AS i Bergen. I tillegg er ho styreleiar og medstiftar av Vuma Projects, som jobbar for å heve minoritetsnorske stemmer gjennom kunst, kultur og mediaprosjekt.

  • Trond Åm (f. 1976), styremedlem

Åm er dagleg leiar ved Litteraturhuset i Trondheim og bystyrerepresentant for Venstre. Han er utdanna idéhistorikar.

  • Anne Marit Hjelme (f. 1966), styremedlem

Hjelme er ansvarleg redaktør i magasinet VI OVER 60/Aller Media, har ein Master in Management frå BI og har jobba som journalist og redaktør i meir enn tretti år. Dei siste åra har ho vore dagleg leiar for utgjevarselskapet Grieg Media og sjefredaktør i VI OVER 60.

Tekstallmenningen har base i Bergen, blei stifta våren 2020 og har fått oppstartsstøtte frå Fritt Ord og Kulturrådet for å tilby betre og meir effektiv abonnements- og distribusjonshandtering for kulturtidsskrift. Dagleg leiar er Åsne Hagen.

Les meir om Tekstallmenningen her.