Bokbåten Epos og regional bransjeutvikling

Til fylkestinget 05.06.20 – PS 50/2020

For eitt år sidan vart den regionale litteraturorganisasjonen Tekstallianse stifta på Litteraturhuset i Bergen. I haust vil vi allereie, med støtte frå Norsk kulturråd, Fritt ord, Vestland fylke, Bergen kommune og Stavanger kommune, ha tilsette i 2,4 årsverk i to ulike einingar (Tekstallianse og Tekstallmenningen), og med heile Vestlandsregionen som nedslagsfelt.

Vi trur at Tekstallianse, med vår kompetanse og gjennomføringsevne, kan gjere Vestlandet til eit tyngdepunkt for det uavhengige litteraturfeltet der vi kan gå føre som ein leiande region for kulturell verdiskaping og næringsverksemd i distrikta.

Vi er den første regionale organisasjonen som omfattar heile det litterære økosystemet, og vi er takksame for å ha motteke KUP-midler frå Vestland fylke. Vår målsetting er å legge til rette for næringsverksemd også utanfor dei store strukturane, bidra til mangfald og kvalitet i eit godt, fagleg nettverk. Formidlinga vil alltid vere grunnsteinen for bransjeutvikling i feltet. Bokbåten Epos gjev oss høve til å konkretisere og gjennomføre tiltak som bidrar til at vi når målsettingane våre, som også vil være i tråd med fylket sine målsettingar.

Bokbåten Epos vil da vere sentral, både som bibliotek og litterær møteplass. Bokbåten har allereie ei etablert kontakt med publikum og ein posisjon i det regionale litteraturfeltet. Om vi legg ned Bokbåten Epos no, stengjer vi dørene for eit initiativ som kan medføre at nasjonale kulturmidlar kjem vår region til gode. Dessutan inneber nedlegginga at eit etablert, viktig og elska kulturtilbod tilpassa vår heilt eineståande geografi, ikkje får denne unike mulegheita til å bli ein del av noko større som no er under arbeid.

Kva kan vi bidra med?

  • Vere med å utvikle alternative økonomiske modellar for Bokbåten Epos.
  • Bidra til styrking og utvikling av det litterære tilbodet på bokbåten.
  • Samarbeide med vertskapa der båten legg til kai for større verdiskaping i samband med besøket.
  • Bruke bokbåten Epos til positiv omdømmebygging for regionen. Litteraturbåten si reise mellom holmar og skjær i det vakre landskapet, gjev ei unik mulegheit for å kombinere natur og litteratur, og på same tid knyte mindre stadar tettare saman. Epos er rette staden for pressebesøk når Norla inviterer gjester til Vestlandet!
  • Vi kan bruke vårt nettverk til å etablere samarbeid med aktuelle aktørar i litteraturfeltet som vil ta Epos i bruk, til dømes som del av ein festival. På denne måten kan vi sørge for at innsatsen, kompetansen og den offentlege finansieringa som er sentrert i byane kan nå eit større publikum i regionen. Internasjonale forfattarar får samstundes eit eineståande møte med publikum i desse rammene, og når dei deretter blir ambassadørar for Vestlandet er det meir verdifullt enn vi greier å måle.
  • Bokbåten Epos kan vere ein av fleire arenaer for eit prosjekt med arbeidstittel ”Forfattere i vest – live on tape” (her avventar vi finansiering). Det inneber at filmopptak i høg kvalitet der forfattarar frå Vestlandet les eigen samtidslitteratur, vert produserte med målsetting om at opptaka kan nyttast som kunstnarlege innslag ved konferansar og ulike medieplattformer, også som ein del av merkevarebygginga av regionen.

For å lukkast med kulturell verdiskaping på Vestlandet, må vi anerkjenne at demografien er ei utfordring. Vi må vere tilstades der folk bur, vi må oppsøke, styrke og synleggjere små miljø. Greier vi det, får vi både kronene og innsatsen fleirfaldige gongar tilbake. I den desentraliserte bygde- og grendestrukturen ligg kulturhistoria, skaparkrafta og livsviljen som ein skatt. Bokbåten går som ein livsnerve langs dette skattekartet.

Vi ber derfor innstendig om at Bokbåten Epos vert bevart og om at ruta vert utvida til heile det nye Vestland fylke. Tekstallianse ber dertil om å få mulegheit til å bidra i eit arbeid med å styrke og vidareutvikle tilbodet og finansieringa av bokbåten.

Tekstallianse ved

Inga Moen Danielsen, prosjektleiar (tlf. 984 92 514)
Janne Karin Støylen, regional medarbeidar Vestland fylke (tlf. 976 09 477)